Hopp til innhold

Om Luftfartstilsynet

Luftfartstilsynet skal medverke til ein trygg og samfunnsnyttig luftfart.

Kontoret vårt ligg i Bodø. Litt meir enn 200 tilsette sikrar at Luftfartstilsynet har høg kompetanse på alle fagfelt innanfor luftfart. Vi er eit sjølvstendig og uavhengig forvaltingsorgan med styresmaktansvar innanfor norsk sivil luftfart, men er direkte underlagt og rapporterer til Samferdselsdepartementet. Luftfartstilsynet er fra 2023 også romtilsyn og har fått ansvar for å føre tilsyn med norske romhavner og oppskyting av bæreraketter.

Luftfartstilsynet har følgjande kjerneoppgåver:

  • Godkjenning: Luftfartstilsynet gjennomfører ulike former for kontroll før eit tilsynsobjekt blir godkjent og eit rettsdokument skrive ut. Dei vanlegaste formene for godkjenning er dokumentgransking, testing og inspeksjonar. Godkjenning skjer i forhold til organisasjonar, luftfartøy, materiell og personar som anten er tilsette eller søkjer jobb i sivil luftfart. Godkjenning blir initiert av søknader frå aktørar i luftfarten eller krav til regelmessig fornying av eksisterande rettar.
  • Tilsyn: Dette er i hovudsak planlagde inspeksjonar av ulike grupper av tilsynsobjekt. Grunnlaget for verksemdstilsynet er nasjonale og internasjonale krav for flytryggleik, og Luftfartstilsynet har på bakgrunn av dette definert ein policy for kor ofte det skal gjennomførast inspeksjonar for dei ulike gruppene av tilsynsobjekt.
  • Regelverksutvikling: Størstedelen av regelverksutviklinga skjer i internasjonale samarbeidsforum som Luftfartstilsynet tek aktivt del i. Regelverket avgjer kva krav som må stillast for å oppnå eit høgast mogleg tryggleiksnivå. I Noreg blir det nasjonale regelverket oppdatert fortløpande etter kvart som internasjonale reglar blir innførte som norske.
  • Kommunikasjon: Eit viktig ledd i det førebyggjande flytryggleiksarbeidet er å informere brukarane. Tryggleikstenkinga blir utvikla kontinuerleg, og dette skal formidlast på ein effektiv måte. Døme på informasjonstiltak er kunngjeringar, statistikk over ulukker og hendingar, konferansar, pressemeldingar og anna informasjonsmateriale. Nettsidene er i dag den viktigaste informasjonskanalen, men vi vurderer kontinuerleg også andre måtar å informere på. I tillegg arrangerer vi sjølv fleire større konferansar, der Luftfartskonferansen i Bodø i dag er eit av dei største årlege luftfartsarrangementa i Nord-Europa. Tilsette i Luftfartstilsynet deltek også ofte på andre konferansar, arrangement og tilstellingar for å informere om verksemda vår.
  • Saman med Samferdselsdepartementet deltek Luftfartstilsynet i internasjonale organisasjonar for å hevde norske interesser. To av desse er EASA (European Aviation Safety Agency) og FNs organisasjon for sivil luftfart – ICAO (International Civil Aviation Organization).
  • Lars Kobberstad er direktør i Luftfartstilsynet.

Kontakt Luftfartstilsynet

  • Postadresse: Postboks 243, 8001 Bodø
  • Besøksadresse: Sjøgata 45–47, 8006 Bodø
  • Sentralbord:
    08.00–15.00 alle hverdager
  • Beredskapstelefon (ved ekstraordinære ulykker og hendelser):