Hopp til innhold

Slipp av ballong med last

For å sleppa ballong med nyttelast blir det kravd løyve frå Luftfartstilsynet. Viss du planlegg å sleppa ballong med kamera eller andre typar sensorar, er det viktig å utføra sleppet på ein måte som ikkje utset andre personar eller brukarar av luftrommet for fare.

Tre klassar

Friballongar blir delte opp i tre klassar baserte på kor mykje risiko dei representerer for personar og eigedom på bakken eller i luftrommet.

  • Mindre ballongar med totalvekt under 4 kg
  • Medium ballongar i vektklassen 4-6 kg
  • Tunge ballongar frå 6 kg og oppover

Ballonger blir klassifisert etter totaltvekt, type last og korleis lasta er festa til ballongen.

Risiko for annan luftfart

Staden der ballongen blir frå sleppt og tidspunktet han blir sleppt på er svært avgjerande for kor høg risiko han representerer for annan luftfart. Luftrommet over Noreg er tidvis svært trafikkert. Dette gjeld spesielt trafikk inn og ut frå flyplassar ved dei større byane i Sør-Noreg. Det er òg viktig å forsikra seg om at ballongen ikkje vil flyga inn i internasjonalt luftrom eller luftrom over ein annan stat. Dersom dette blir planlagt, må du sjølv koordinera dette med den ramma staten.

Du må vera merksam på potensielle konsekvensar ein samanstøyt mellom ein ballong med last og eit luftfartøy kan medføra. Du bør vurdera å teikna eiga forsikring.

Skal du nytta eit sensorsystem blir det òg kravd eige løyve frå Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM).

Luftfartstilsynet kan setja vilkår i svaret vårt på søknaden. Desse vilkåra vil normalt avgrensa talet på ballongar som kan sleppast, tidspunkt for slepp, krav til utrusting for å følgja ballongen i nåtid og krav om radarreflektor. Lista over vilkår er ikkje uttømmande og kan variera frå løyve til løyve.

Gebyr

For saksbehandling av denne typen søknader krev Luftfartstilsynet eit gebyr. Du finn satsane i forskrift for gebyr til Luftfartstilsynet

Regelverk

Slipp av ubemanna friballong er regulert i forskrift om lufttrafikkreglar og operative prosedyrar (Føresegn for sivil luftfart F 1-1), vedlegg SERA, Appendix 2. Lufttrafikkreglane beskriv køyrereglar for all luftfart.