Hopp til innhold

Ledige registreringsmerke

Ledige registreringsmerke i Norges luftfartøyregister (NLR).

For å reservere eit registreringsmerke sender du ein e-post til nlr@caa.no. Reservasjon kan gjerast for inntil eitt år, med høve til forlenging. Dersom registreringsmerket ikkje er nytta på eit registrert fartøy eller reservasjonen blir forlenga innan eitt år frå tidspunktet for reservasjonen, vil registreringsmerket automatisk bli gjort tilgjengeleg for reservering.

Vi gjer merksam på at registreringsmerket følgjer luftfartøyet fram til det blir sletta i Norges luftfartøyregister. Ved eventuell gjeninnføring skal fartøyet få tilbake det gamle registreringsmerket dersom det er ledig. Føresegna er ufråvikeleg og blir ikkje gitt dispensasjon frå. Dette følgjer av forskrift av 5. februar 2004 nr. 393 om registrering av luftfartøy m.m. § 14 nr. 8.

 

Kontakt Norges luftfartøyregister (NLR)

  • Luftfartstilsynet v/NLR: Postboks 243, 8001 Bodø
  • Besøksadresse: Sjøgata 45–47, 8006 Bodø