Ny basisforordning vedteke

EU-parlamentet i Strasbourg i Frankrike.

Europaparlamentet og Europarådet blei tidlegare i sommar einige om ei ny basisforordning som skal erstatte forordning (EF) nr. 216/2008. Den nye basisforordninga vil bli publisert i Official Journal 18. august 2018; den vil tre i kraft 11. september 2018. Det er fyrst når forordninga blir publisert at den får eit nummer.

Skriv ut

Ny basisforordning kan du lese her.

Den nye basisforordninga inneber blant anna at EASA får ei utvida rolle på områda forsking og utvikling, miljø, cyber security og internasjonalt samarbeid. Det blir etablert ein del nye fleksibilitetsmekanismar. Ny basisforordning opnar for felleseuropeisk regulering for dronar som veg mindre enn 150 kg, og det er venta at to nye droneforordningar blir vedtekne siste kvartal i år.

Ein viktig praktisk konsekvens av ny basisforordning er at alle gjeldande forordningar som er gitte med heimel i forordning (EF) nr. 216/2008 må vedtakast på nytt, anten som såkalla «delegated act» (delegert rettsakt) eller «implementing act» (gjennomføringsrettsakt). Eit eksempel: Dagens forordning 965/2012 om luftfartsoperasjonar vil bli gitte som to nye forordningar. Ei delegert forordning for reglane om «flight time limitations», mens dei andre delane av dagens 965/2012 vil bli gitte i ei ny gjennomføringsforordning. Forskjellen mellom desse to typane forordning er i hovudsak knytt til prosedyrane for korleis forordningane skal førebuast før dei kan vedtakast av EU-kommisjonen. Gjenutgiving av dagens forordningar skal vere ferdig i løpet av fem år.

Les meir om ulike typar rettsakter her.

Kontakt Luftfartstilsynet

  • Postadresse: Postboks 243 8001 Bodø
  • Besøksadresse: Sjøgata 45-47 8006 Bodø
Publisert: 19. jul 2018