Nytt regelverk om flyskolar i januar 2019

Ein DTO er ein organisasjon (flyskole) som utfører bestemte aktivitetar i tråd med Kommisjonsforordning (EU) No 216/2008 (Basisforordningen) utan førehandsgodkjenning, på bakgrunn av erklæring til luftfartsmyndigheitene.

DTO i eit nøtteskal:

  • Treningsorganisasjon for ikkje-ervervsmessige sertifikat (PPL og LAPL) og tilhøyrande rettar.
  • Inga førehandsgodkjenning av flyskolen, berre erklæring til Luftfartstilsynet.
  • Forenkla krav til personell og organisasjon.
  • Nye krav til tilsynsaktivitet for Luftfartstilsynet.
  • Regelverket finn ein i Annex VIII (Part-DTO) til Kommisjonsforordning (EU) 1178/2011.

Kven blir omfatta av den nasjonale gjennomføringa av DTO-regelverket?

Denne nasjonale gjennomføringa av regelverket for såkalla Declared Training Organisations (DTO) gjeld berre for skolar som driv utdanning til privatflysertifikat for motorfly og helikopter. Norsk luftsportstilsyn har ansvaret for dei delane av DTO-regelverket som gjeld seglfly og ballong. Dette vil bli gjennomført på eit seinare tidspunkt.

Slik startar du ein DTO

Ein DTO skal erklærast på skjema som blir sendt til Luftfartstilsynet. Skjema finn du på Luftfartstilsynets nettsider. DTO-en må ha på plass dokumentasjon i tråd med Part-DTO, som treningsprogram, tryggleikspolicy osv. Personell som er involvert i erklæring og drift av ein DTO må gjere seg godt kjend med DTO-regelverket, samt relevante delar av Part-FCL, Part-OPS og Part-M.

DTO-ens viktigaste pliktar

Ein DTO skal:

  • Drive skoleaktivitet i tråd med Part-FCL og dei erklærte treningsprogramma 
  • Sende inn årleg aktivitetsrapport, årleg internrevisjon og årleg flytimeproduksjon
  • Melde frå til Luftfartstilsynet om endringar i erklæringa
  • Melde frå om opphøyr av skoleaktivitet 

Lurer du på noko?

Ytterlegare informasjon finn du i vår FAQ. Ta kontakt med Luftfartstilsynet dersom noko er uklart. Vi er her for å hjelpe. Kontaktinformasjon: postmottak@caa.no, telefon 75 58 50 00.

----------

Om overgangen frå gammal ordning (RF) til ny ordning (DTO)

Gammal ordning (RF)
Fram til midten av januar 2019 hadde flyskolar som driv utdanning til LAPL og PPL i hovudsak vore RF-ar (Registered facility / Registrert lærestad). Dette regelverket kom ved innføringa av JAR-FCL rundt tusenårsskiftet og skulle vore erstatta ved innføring av nytt flyskoleregelverk i 2014. Det viste seg at ATO-regelverket (Approved Training Organisation) var for omfattande for dei minste skolane og det ville vere ei for stor byrde for desse å søke om slik godkjenning. Derfor har RF-regelverket fått halde fram medan EASA har arbeidd med nytt regelverk for desse skolane. Etter fleire rundar med ulike konsept for utforming av regelverket har ein landa på det som kallast DTO.

RF-en kan halde fram til og med 7. april 2019. Frå 8. april 2019 må ein skole over på DTO- eller ATO-regelverk for å kunne drive flygarutdanning.

Ny ordning (DTO)
Ein DTO er til forskjell frå ein ATO ikkje godkjend på førehand, men opererer etter ei eigenerklæring. Dette betyr at det er organisasjonen sjølv som står ansvarleg for at skolen opererer innanfor relevant regelverk. Dette omfattar mellom anna treningsprogram, fasilitetar, personell, luftfartøy og liknande.

Når skolen har sendt erklæringa om oppstart av DTO kan ein starte utdanning. Luftfartstilsynet vil innan 10 virkedagar svare på erklæringa og tildele eit DTO-nummer. Innan seks månader vil Luftfartstilsynet verifisere treningsprogramma skolen skal bruke. Om DTO-en ikkje får tilbakemelding på erklæringa innan rimeleg tid, skal ansvarleg representant kontakte Luftfartstilsynet for å fastslå om erklæringa blir akseptert eller ikkje.

Med det nye regelverket får Luftfartstilsynet krav på seg til å gjennomføre tilsyn med DTO-ane. Det skal gjennomførast tilsyn minimum kvart sjette år, men det skal leggast ei risikobasert tilnærming til grunn for tilsynsfrekvensen. Dette fører til at tilsynsfrekvensen i praksis vil vere kortare og ulik frå DTO til DTO.

Den nasjonale gjennomføringa av DTO-regelverket skjedde som endring av forskrift om sertifisering av besetningsmedlemmer (BSL C 1-1) den 18. januar 2019. Frå denne dagen kan norske organisasjonar erklære DTO. Samstundes med gjennomføringa vil det bli gitt ut AIC og relevante skjema. 

Noverande RF-er må erklære DTO innan 8. april 2019 for å kunne fortsetje å tilby utdanning. Alternativet er å søkje om ATO-godkjenning.

DTO-regelverket kan ein finne som Annex VIII til Kommisjonsforordning (EU) 1178/2011, Part-DTO.

DTO-en sine plikter
Flyskolane som går frå RF til DTO får ein del nye plikter. Kvart år innan 31. januar skal det gjennomførast ei internrevisjon og utarbeidast ein aktivitetsrapport for året før. Desse skal sendast inn til Luftfartstilsynet innan 31. januar. Første krav til innsending av årsrapport og internrevisjon blir 31. januar 2020 for aktivitetsåret 2019.

Innan 15. januar kvart år skal det sendast inn ei oversikt over flytimeproduksjon i samsvar med informasjon gitt i AIC-N 14/14. Rapporten skal førast på eige skjema, NF-0001.

Overgangsordning
Det blir ikkje etablert overgangsordningar (grandfathering) for skolane. Alle RF-ar som vil halde fram med å tilby utdanning frå 8. april 2019 må erklære DTO eller søke ATO-godkjenning. Når DTO en er erklært skal skolegodkjenninga for RF-en returnerast til Luftfartstilsynet.

Når ein skole har gått over frå RF til DTO må eksisterande elevar overførast til den nye organisasjonen. Det må då bli gjennomført ei vurdering av kvar enkelt elev for å innpasse denne i dei nye DTO-treningsprogramma. Det er ikkje mogleg å fullføre utdanning etter NLF skolehandbok etter at ein har erklært DTO. Dette svarer til det skolen må gjøre om ein overtar ein elev som har starta utdanning ved ein annan skole. Denne overføringa skal dokumenterast og kunne visast fram ved tilsyn.

Forholdet til flyplassregelverket
I samband med arbeidet med DTO-regelverket har Luftfartstilsynet også arbeida med korresponderande endringar av forskrift om krav til teknisk-operativ godkjenning av flyplasser (BSL E 1-2) for enkelte GA-flyplassar. Denne problemstillinga har vore kompleks og forskrifta vil derfor ikkje bli endra samstundes med den nasjonale gjennomføringa av DTO-regelverket, men vil etter planen bli gjort i løpet av 2019.