Ny forskrift om kortbaneoperasjonar

Luftfartstilsynet har vedtatt ei ny forskrift om kortbaneoperasjonar. Dette er ei forskrift som stiller særskilte ekstrakrav til kommersielle luftfartsoperatørar som ønskjer å fly regelmessig på det norske kortbanenettet. Forskrifta gjeld også for luftambulansen.

Føremålet med forskrifta er å sørga for at dei nemnde operatørane er budde på dei særskilte utfordringane som knyter seg til det å fly til dei norske kortbanane.  Ein tenkjer då særskilt på topografi, fysiske installasjonar, vêr og vind. Målet er å sikra seg at operatørane er budde på desse særskilte forholda ved at det blir stilt krav til ekstra erfaring, kunnskap og treningsprogram for flygarane deira.

Dei nye krava som kjem fram av forskrifta kjem i tillegg til dei særskilte krava som allereie fins for flygingar til enkelte lufthamner, og som kjem fram av den norske AIPen. Slik sett kan ein seie at den nye kortbaneforskrifta stiller generelle krav for å fly til dei norske kortbanane, retta mot dei største aktørane. Forskrifta vert med det eit komplementært tillegg til dei eksisterande spesielle krava som er knytt til dei dei enkelte lufthamnene. I praksis inneheld forskrifta mange av dei krava som Staten fram til no har stilt gjennom utlysingar om anbod til flyging på det norske kortbanenettet.

For nærare spørsmål om forskrifta, kan ein ta kontakt med Luftfartstilsynet. Kontaktperson er flyoperativ inspektør Ståle Rosland.

Forskrifta kan ein finne på Luftfartstilsynet sine heimesider, publisert som BSL D 1-3. Her kan ein også finne vegleiingsmateriale til forskrifta.

Publisert: 08. okt 2018