P.O. Box 243
8001 Bodø
Innføring av Declared Training Organisation (DTO)
Denne AIC informerer om nasjonal gjennomføring av delar av Annex VIII til Kommisjonsforordning (EU) 1178/2011, Part-DTO. Denne gjennomføringa av DTO-regelverket gjeld berre for skolar som driv utdanning til motorfly og helikopter.
Gammal ordning
Fram til i dag har flyskolar som driv utdanning til LAPL og PPL i hovudsak vore RF-ar (Registered facility / Registrert lærestad). Dette regelverket kom ved innføringa av JAR-FCL rundt tusenårsskiftet og skulle vore erstatta ved innføring av nytt flyskoleregelverk i 2014. Det viste seg at ATO-regelverket (Approved Training Organisation) var for omfattande for dei minste skolane og det ville vere ei for stor byrde for desse å søke om slik godkjenning. Derfor har RF-regelverket fått halde fram medan EASA har arbeidd med nytt regelverk for desse skolane. Etter fleire rundar med ulike konsept for utforming av regelverket har ein dag landa på det som kallast DTO (Declared Training Organisation).
RF-en kan halde fram til og med 7. april 2019. Frå 8. april 2019 må ein skole over på DTO- eller ATO-regelverk for å kunne drive flygarutdanning.
Ny ordning
Ein DTO er til forskjell frå ein ATO ikkje godkjend på førehand, men opererer etter ei eigenerklæring. Dette betyr at det er organisasjonen sjølv som står ansvarleg for at skolen opererer innanfor relevant regelverk. Dette omfattar mellom anna treningsprogram, fasilitetar, personell, luftfartøy og liknande.
Når skolen har sendt erklæringa om oppstart av DTO kan ein starte utdanning. Luftfartstilsynet vil innan 10 virkedagar svare på erklæringa og tildele eit DTO-nummer. Innan seks månader vil Luftfartstilsynet verifisere treningsprogramma skolen skal bruke.
Den nasjonale gjennomføringa av DTO-regelverket skjer som endring av forskrift om sertifisering av besetningsmedlemmer (BSL C 1-1) 18. januar 2019. Frå denne dagen kan norske organisasjonar erklære DTO.
DTO-regelverket kan ein finne som Annex VIII til Kommisjonsforordning (EU) 1178/2011, Part-DTO
DTO-en sine plikter
Flyskolane som går frå RF til DTO får ein del nye plikter. Kvart år innan 31. januar skal det gjennomførast ei internrevisjon og utarbeidast ein aktivitetsrapport for året før. Desse skal sendast inn til Luftfartstilsynet innan 31. januar. Første krav til innsending av årsrapport og internrevisjon blir 31. januar 2020 for aktivitetsåret 2019.
Innan 15. januar kvart år skal det sendast inn ei oversikt over flytimeproduksjon i samsvar med informasjon gitt i AIC-N 14/14. Rapporten skal førast på eige skjema, NF-0001.
Overgangsordning
Det blir ikkje etablert overgangsordningar (grandfathering) for skolane. Alle RF-ar som vil halde fram med å tilby utdanning frå 8. april 2019 må erklære DTO eller søke ATO-godkjenning. Når DTO en er erklært skal skolegodkjenninga for RF-en returnerast til Luftfartstilsynet.
Når ein skole har gått over frå RF til DTO må eksisterande elevar overførast til den nye organisasjonen. Det må då bli gjennomført ei vurdering av kvar enkelt elev å innpasse denne i dei nye DTO-treningsprogramma. Det er ikkje mogleg å fullføre utdanning etter NLF skolehandbok etter at ein har erklært DTO. Dette svarer til det skolen må gjøre om ein overtar ein elev som har starta utdanning ved ein annan skole. Denne overføringa skal dokumenterast og kunne visast fram ved tilsyn.