Innlevert ytelsesplan for den tredje referanseperioden

Luftfartstilsynet har levert inn utkast til nasjonal ytingsplan for den tredje referanseperioden (RP3) av ytingsstyringsregimet for flysikringstenestene (Performance and Charging Scheme), som er ein del av det større Single European Sky-programmet. Den tredje referanseperioden vil vara frå 2020 til 2024.

Planen stiller krav til at flysikringsleverandørane for undervegsområdet og for dei fire største lufthamnene skal levera betre og meir effektive tenester. Det vert sett målbare krav til flysikringsleverandørane innanfor fire kategoriar: sikkerhet, miljø, kapasitet og kostnadseffektivitet.

Særskilt innanfor kategoriane kapasitet og kostnadseffektivitet er det venta at planen vil bli krevjande for dei nasjonale flysikringsleverandørane. For undervegsområdet vert det til dømes stilt krav om ei flat utvikling av flysikringsavgiftene, samstundes som det vert stilt krav om at forseinkingar i flytrafikken skal verta haldne på eit moderat og akseptabelt nivå.

Prosessen vidare er at ESA (EFTA Surveillance Authority), med bistand av PRB (Performance Review Body for the Single European Sky), vil sjå over det innleverte utkastet til nasjonal ytingsplan for å vurdera om planen er komplett. Dersom dei meiner at planen ikkje er utfylt på alle punkt, vil Noreg få ein frist til å retta på dette. Deretter vil ESA/PRB gå gjennom planen i detalj, for å vurdera om planen tilfredsstiller ein del felleseuropeiske krav, som følgjer av Europakommisjonen si forordning (EU) 2019/317 som omhandlar ytingsstyringsregimet, og Europakommisjonen si avgjerd (EU) 2019/903 om minstekrav til dei nasjonale ytingsmåla.

Noreg sitt utkast til nasjonal ytingsplan kan ein finna her.