Innlevert revidert ytelsesplan for den tredje referanseperioden

Luftfartstilsynet har levert inn utkast til revidert nasjonal ytingsplan for den tredje referanseperioden (RP3) av ytingsstyringsregimet for flysikringstenestene (Performance and Charging Scheme), som er ein del av det større Single European Sky-programmet. Den tredje referanseperioden gjeld for åra 2020 til 2024.

Luftfartstilsynet leverte inn eit utkast til plan for RP3 hausten 2019, men koronapandemien gjorde det nødvendig med nye, reviderte ytingsplanar. Luftfartstilsynet leverte inn slik plan 12. oktober 2021.

Planen stiller krav til at flysikringsleverandørane for undervegsområdet og for dei fire største lufthamnene skal levera betre og meir effektive tenester. Det vert sett målbare krav til flysikringsleverandørane innanfor fire kategoriar: sikkerhet, miljø, kapasitet og kostnadseffektivitet.

Særskilt innanfor kategorien kostnadseffektivitet er det venta at planen vil bli krevjande for dei nasjonale flysikringsleverandørane. For undervegsområdet vert det til dømes stilt krav om ei flat utvikling av flysikringsavgiftene, samstundes som det vert stilt krav om at forseinkingar i flytrafikken skal verta haldne på eit moderat og akseptabelt nivå.

Prosessen vidare er at ESA (EFTA Surveillance Authority), med bistand av PRB (Performance Review Body of the Single European Sky), vil sjå over det innleverte utkastet til revidert plan for å vurdera om planen er komplett. Dersom dei meiner at planen ikkje er utfylt på alle punkt, vil Noreg få ein frist til å retta på dette. Deretter vil ESA/PRB gå gjennom planen i detalj, for å vurdera om planen tilfredsstiller felleseuropeiske krav på området, fastsette av Europakommisjonen. Endeleg plan vil bli fastsett når utkastet til plan er godkjend av ESA/PRB.