Droneleik
Bruk av dronar til leik og hobby

Gratulerer med ny drone!
Her er reglar og retningslinjer for droneleik.

Reglane er også tilgjengelege på bokmål og engelsk:
www.dronelek.no / Drone Guide for Leisure and play

Ansvar

Du har sjølv ansvar for å kjenne lovene og regelverket som gjelder dronar. Droneleik.no. er ei oppsummering av dei viktigaste reglane.

Droneleik går under "modellfly" i lovverket og bør lesast på www.lovdata.no.


Hald avstand frå lufthamner:
Ikkje fly nærmare enn 5 km.

Du skal alltid kunne sjå dronen.
Maksimal flyhøgde er 120 meter over bakken.

dronelek_03.png

Hald ein avstand på 150 meter frå folk, bygningar og trafikk. Gjeld trafikk på vegar, på sjøen og i lufta.


dronelek_04.png

Som droneførar har du fullt ansvar for skadar på personar og eigedelar: Fly alltid dronen på ein omsynsfull måte!

5 Hovudreglar:

1: Du skal alltid kunne sjå dronen og fly den på ein omsynsfull måte. Aldri fly i nærleiken av ulykkesstader.

2: Ikkje fly nærmare enn 5 km frå lufthamner med mindre anna er avtalt.

3: Ikkje fly høgare enn 120 meter over bakken.

4: Ikkje fly over festivalar, militære område eller sportsarrangement. Hald ein avstand på 150 meter.

5: Ta omsyn til andre sitt privatliv. Hugs reglane for bruk av foto og video av andre personar.