Velkomne til konferansen "Sikker Integrering av Droner" (SID), høsten 2017

Luftfartstilsynet ønskjer alle droneengasjerte hjarteleg velkomne til årets konferanse Sikker Integrering av Droner (SID).

Tema for konferansen: Framtida er ubemanna
Dato: 20. september
Tid: 10.30- 18.30


Kvar:

Luftfartstilsynet sine lokale i Bodø
Sjøgata 45-47
8006 BODØ

Påmeldingsfrist: Fredag 1. september
Program vil kome ut 15. September

På SID freistar vi å heve blikket og tenkje nokre lange tankar saman. Vi ønskjer å høyre meiningar frå industrien og få tilbakemeldingar på kva vi kan gjere betre, annleis og meir effektivt. Korleis kan vi saman skape ei stabil og trygg næring som kan integrerast med annan luftfart? Vi vil også få lov til å fortelje dykk litt om kva vi jobbar med og kva planar vi har framover.

Kva vil du få?

  • Full gjennomgang av EASAs regelverksforslag (Notice of Proposed Amendment, NPA).
  • Full gjennomgang av forskriftsendringa slik den ligg føre eksternhøyringa.
  • Interessante foredrag frå industrien.

Kva kan du bidra med?
Har du ønske om å bidra med eitt innlegg, då er du hjarteleg velkomen til det. Du sender då tema og tida du ønskjer til bhd@caa.no og skriv INNLEGG SID i emnefeltet. Vi ønskjer mange tilbakemeldingar og god debatt, og då treng vi akkurat deg! Program vil verte publisert 15. September.

Praktisk informasjon
Det vil vere kaffi, te og snacks tilgjengeleg under møtet. Kvar enkelt kjøper lunsjen sin sjølv.

Av plassomsyn må vi avgrense oss til dei 60 første påmeldte. På grunn av kapasiteten i seksjonen (FUL) har vi avgrensa SID til ein dag i år.

Tema for konferansen: Framtida er ubemanna.

Klikk her for å melde deg på (påmeldingen er nå stengt)