Betre vilkår for allmennflyging

Foto: Thomas Hytten

Luftfartstilsynet ønsker å legge betre til rette for utvikling og økt tryggleik av allmennflyging. Derfor arbeider vi for å få til eit enklare sett av reglar for allmennflymiljøet.

Overregulering gir nedgang
Det har dei siste åra vore ei tydeleg utvikling at allmennflyging har vore på vikande front. Aktiviteten går stadig nedover og rekrutteringa til luftfarten går ned. Ei årsak som blir trekt fram er ein overreguler­ing av segmentet. Det har blitt for komplisert og for dyrt for privatpersonar å drive med all­mennflyging.

Forenkling basert på fem prinsipp
Regelverket har stadig blitt meir omfattande basert på den trua at fleire reglar fører til betre flytryggleik. Spesielt på europeisk nivå har reglar auka veldig i tal og omfang. EASA har innsett at dette har vore ei negativ utvikling og derfor begynt eit arbeid med å forenkle og lage betre reglar.

Policyen bygger på fem prinsipp for regulering

  • Forholdsmessighet
  • Delegering
  • Andre verkemiddel enn regelverk
  • Balansert tilnærming
  • Risikobasert

Prosjekt for allmennflyging og luftsport
Luftfartstilsynet deler EASA sitt syn og startar derfor «Prosjekt for allmennflyging og luftsport II»*. Vedlagt policydokument vil bli brukt som grunnlag for dette prosjektet. Arbeidet med Prosjekt for allmennflyging og luftsport II er forankra i tildelingsbrevet 2016 frå Samferdselsdepartementet.

 

 

* Luftfartstilsynet gjennomførte eit tilsvarande prosjekt frå 1999. Dette blei avslutta da organisasjonen blei flytta til Bodø.