Høyring - søknad om dispensasjon frå kravet om konsesjon for landingsplass på sjø i Stryn, Ulvik, Eid, Eidfjord og Sogndal.

Ny søknad om dispensasjon frå kravet om konsesjon for å drive og inneha fem landingsplassar for sjøfly i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Scandinavian Skies AS fekk for sommarsesongen 2017 dispensasjon frå kravet om konsesjon for enkelte landingsplassar på sjø i Stryn, Ulvik, Eid, Eidfjord og Ullensvang. Selskapet har no satt fram ein ny søknad om eitt års dispensasjon frå kravet om konsesjon for å driva og inneha fem landingsplassar for sjøfly, i Stryn, Ulvik, Eid og Eidfjord, samt i Sogndal.

Luftfartstilsynets sitt høyringsbrev er vedlagd, saman med søknaden fra Scandinavian Skies AS og enkelte saksdokument frå førre søknad, som altså gjaldt inneverande år.


Fråsegn til høyringa kan ein senda på e-post til postmottak@caa.no, eller ved brev til Luftfartstilsynet, Postboks 243, 8001 Bodø. Merk gjerne fråsegnet med ref: 17/00267.

 

Høyringsfristen er sett til 10. februar 2018.