Høyring - søknad om dispensasjon frå kravet om konsesjon for landingsplass i Stryn, Ulvik, Nordfjordeid, Eidfjord og Ullensvang

Scandinavian Skies AS har sett fram ein søknad om dispensasjon frå kravet om konsesjon for å driva og inneha fem landingsplassar for sjøfly, i Stryn, Ulvik, Nordfjordeid, Eidfjord og Ullensvang.

Luftfartstilsynet sitt høyringsbrev er lagt ved, saman med søknadsdokumenta.


Svar på høyringa kan ein senda på e-post til postmottak@caa.no, eller ved brev til Luftfartstilsynet, Postboks 243, 8001 Bodø. Merk høyringsinnspelet med ref: 17/00267.

Høyringsfristen er sett til 20. april 2017. Grunna kort høyringsfrist, vert det høve til å be om lenger tid til å svara på høyringa.