Ny VFR-guide, no som nettkurs

VFR-guiden 2018
Foto: Harald Hagen

Mange allmennflygarar flyg i samsvar med visuelle flygereglar (Visual Flight Rules, VFR), som enkelt sagt betyr at flygaren må kunne sjå bakken, andre fly og eventuelle hinder under flyging. Luftfartstilsynet lagar VFR-guide for Norge. Den nye guiden for 2018 fungerer som nettkurs.

VFR-guiden gjev allmennflygarar oversikt over nokre av dei viktigaste omsyna som må takast når ein ferdast innanfor norsk område. Guiden er laga for å gje pilotar innspel i planlegging og gjennomføring av flyturar i norsk luftrom.

Du finn nettkurset her.